Ami & Ellika 002

Dansekurs med Amy Petterson og Ellika Frisell i Jostedal!

Få plassar att!!

Dansekurs med Ami Petterson og Ellika Frisell i Jostedalen 4.-6. mars

Ami er ein av Nordens beste dansepedagogar og Ellika ein dyktig felespelar.

Me er svart glade for å kunne tilby dansekurs med desse to damene i Jostedalen. Dette er ikkje eit tradisjonelt dansekurs der du lærer nye dansar, men eit kurs med fokus på kroppshaldning og samdans. For at kurshaldarane skal kunne gje god inividuell rettleiing vert det sett eit tak på antal deltakarar. Fyrst til mølla...

 

Kurset tek no til å fyllast opp. Ver snar dersom du ynskjer å få med deg dette spesielle høvet til å gå på kurs med Ami - ein svært ettertrakta instruktør!

Kurset kostar kr 450 pr deltakar

Bindande påmelding til Oddbjørg tlf 41 46 04 68 innan 25. februar (send gjerne melding)

Og laurdag kveld er det Lustratreffen i Jostedal!

Kurstider:

Fredag: Kl 1930 til 21.00

Laurdag: Kl 10.00 til 17.00

Søndag: Kl 09.30 til 12.00